Utstyr
- Plaststolar kvite5,- per stk
- Plastbord kvite50,- per stk
- Servise25,- per stk
Servise omfattar glas, kopp, asjett, fat, tallerken, kniv, gaffel og skei.

Parken Gaupne er arrangør av marknad, konsertar og festival. I tillegg leiger me ut Parken til bryllaup, bursdagar, jubileum og andre tilstellingar.
Om Parken
Parken er ein stad for opplevingar, konsertar og festivalstemning. Samtidig er området og bygningane tilgjengelege for utleige til både private, organisasjonar, bedrifter og andre som ynskjer ein plass til sitt arrangement.
I Parken er det òg Frisbee-golfbane som er fritt tilgjengeleg for alle som ynskjer å benytte seg av den.
Parken Gaupne er ein frivillig organisasjon utan tilsette, arbeidet i Parken blir gjort av frivillige på dugnad.
Arrangement
LustRabalder er Parken sitt største arrangement. Årleg festival som i år blir arrangert 12. og 13. juni 2026.
Artistar under årets festival er Vassendgutane - Crashville - Sirkus Eliassen og Den BB
Dei siste åra har besøkstala på festivalen vore stabilt på rundt 1 000 publikum kvar kveld. Dei fleste, ungdommar og unge vaksne i aldersgruppa 15-25 år som kjem frå heile Indre Sogn. Rundt 50 frivillige vakter, Røde Kors, Nattugler, innleigde vektarar og Politiet gjer dette til ein god og trygg arena for deltakarane.
Gaupnetunet / Sandvik Camping arrangerer festivalcamp i samband med festivalen - her kan dei som har billett til festivalen samlast både før og etter arrangementet i Parken. Her er det også tilbod om overnatting på hotellet, i campinghytter eller i telt/campingvogn.
På dagtid 13.juni vil du kunne oppleve Strongman-konkurransen BingoPower Classic utanfor Pyramiden kjøpesenter i Gaupne. Ellers er Lustrabadet verdt eit besøk når du er i Gaupne.
Velkommen til ei kjekk helg i Gaupne!
LustRabalder samlar publikum til to dagar med musikk og gode opplevingar under trygge rammer. Program, tider og fortløpande oppdateringar blir publiserte på Facebook-sida til arrangementet.
UtleiGe
Parken Gaupne tilbyr utleige av både uteområde, innandørs lokale og praktisk utstyr til arrangement og markeringar.
Her er eksempel på leigeprisar - betaling for leige gjer du enkelt via Parken sin Vipps #754874 - Men kan òg sende faktura om du heller ynskjer det.
Servise omfattar glas, kopp, asjett, fat, tallerken, kniv, gaffel og skei.
Kontakt
Styret i Parken Gaupne:
Camilla Therese Leirdal - 97579738
Daniel Fossheim - 99579230
Linn Christina Leirdal - 95857310
Jon Arne Norberg - 97059658
Oddny Julie Leirdal - 90694579
Stine Nordal - 95054709
Trude Sørheim Evjestad - 95857609
For booking, utleige eller spørsmål om arrangement, send oss gjerne ein e-post.
parkengaupne@gmail.com